Det nye andedraget

(1936, Lykkelege hender, Halldis Moren Vesaas)

Den gode natta gøymer oss.
Eg ser deg ikkje lenger,
men det er berre nokre steg
imellom våre senger.
Den vesle senga vi fekk til,
små plagg, små mjuke laken,
får hyse deg og verme deg,
du kom så arm og naken.

 

Eg ligg og høyrer pusten din –
ein straum som jamt skal fløde
i år på år, langt etter vi
som gav deg liv er døde.
Så stutt, så nytt eit andedrag –
eg tykkjer heile stova
er vak som eg og lyder stilt
og takkar Gud for gåva.

 

Kvar stund ber vokster med til deg.
Kva gjer det vel om tida
går bort med oss, mot slutt og stogg,
når berre her ved sida
ditt andedrag flyt stilt og jamt,
når sjølve livet er her?
Du gav oss nye hjarte, du.
Dei eig ei bønn: Å, ver her!