Du ser meg i auga

(1929, Harpe og dolk, Halldis Moren Vesaas)

Svalt om mi panne, den trøytte og heite,
hendene la du og bøygde deg ned,
såg meg i auga og sa: Eg skal leite - 
gå ut på vidvank og finne att deg!

 

Og dine auge kom stille og blanke
mine i møte og skein i meg inn,
møtte på vegen min løyndaste tanke,
nådde den djupaste botn i mitt sinn.

 

Vidope låg det for sol-auga dine.
Men i mi sjel vart ein angest til:
Møter du mangt som kan skremme og pine?
Før eg fekk sagt deg det såg du min tvil.

 

Du smilte til døde all angest eg hyste,
smilte, til inn over heile mitt sinn
nykveikte gledelys loga og lyste,
– smilte, til min smil skein opp i mot din!