God dag

(1933, Strender, Halldis Moren Vesaas)

Eg gjekk ein tur eg, ein god og lang ein,
det var slikt vêr så ein bles av stad.
God dag all verda! slik lo og sang ein,
god dag igjen! lo all verda glad.
Bak gjerdesprinklar stod blom og kikka
og tunge trekroner verdig nikka:

   god dag!

 

Ein mann dreiv på med å sope gata,
han smilte til meg – eg fekk han kjær!
– Gjekk ned til sjø’n. Over glitreflata
skar kvitsegl fylt av det friske vêr.
Der gnellskreik måsar, der skvatra ender
– dei kom og åt ut av mine hender:
   god dag!

 

Og innpå stranda, innunder trea
sprang barn i leik, søkte unge lag,
sat gamle koner med sjal om knea
og priste Gud for den fagre dag.
Blankt skein sola på by og vatn
og vinden reiv av ein tjukk mann hatten:
  god dag!

 

Og solbål brann i kvar vindaugsrute
og gata myldra med lystig larm,
og gledehavet frå allting ute
slo sterkt mot det i min eigen barm.
– Men lell, kva glede er først eg gådde
då du sang ut, der du att meg nådde:
  god dag!