No

(1955, I ein annan skog, Halldis Moren Vesaas)

Forvillande er livet,
fullt og rikt
som solvarme frukter i frodig lauv
ein brennande seinsommardag.
Berre å rette hendene ut,
ta, løfte mot munnen
frukter som sprutar av saft
lik sprengfylte morsbryst
enno før leppene når dei.

 

For deg er graset mjukt,
og varm er sanden som eig ditt avtrykk
ei stund mellom fjøre og flod.
For deg brusar bølgja mot stranda: Kom,
sval deg i mitt fang,
varmen du gir meg
får du snart att i den lange
kvite brenning av sol
som slår kring din leande kropp
når du spring inn att mot land.

 

Forvillande er livet,
– du går, og ein kastevind brått
femner deg midt på vegen,
blæs kjolen i kvervlar kring deg,
tek pusten ifrå deg, og fyller
bringa med lått og med lausrivne rop,
og auga med brå tårer,
du ler og du græt for vinden.

 

I neste sekund er han borte.
Du glattar på hår og klær
og går på vegen som før
– som før, men ikkje den same,
aldri den same frå stund til stund
er du, i livsens hender –