Store sol

(1955, I ein annan skog, Halldis Moren Vesaas)

Store sol,
din var vår dag.
Med kroppen matt av ditt kjærteikn,
auget blindt av ditt lys,
med hjarte som svara ditt hjartes slag
slik som du ville,
vi kjende at heile vår jord med oss
låg tett mot ditt bryst,
heilt stille.

 

Dagen lang
du rådde
for vår og all skapnings lyst.
Det fanst ikkje kryp, ikkje strå eller blad
som ikkje ditt kjærteikn nådde.
Alt, frå eit menneskepar til det minste
av det du gav liv, var deg like kjært –
så kjært at du kravde  å ha det alt
ved hjartet ditt, varmt og nært.

 

Kvelden kom.
Du var gått.
Men gjennomtrengt av din varme
ned til sitt djupaste, inste
var alt som du hadde ått.
Enno i mørkret var du oss nær,
vi søkte inn til deg, søkte og fann,
du kjendest ved oss som dine
og hjartet i oss brann.