To roser

(1929, Harpe og dolk, Halldis Moren Vesaas)

Det kom til mitt bord to roser,
to halvsprotne roser i stad.
Eg sit her og ser på dei båe
og blir så forunderleg glad.

 

To halvopne, kviskrande munnar
som lovar så halvt om halvt
at enno er inkje til endes
og enno kan hende meg alt.

 

Og røyster eg trudde var tagna
for alltid i sjølve meg
svarar i undring og jubel:
Ja enno kan alle ting skje!